Mindre overraskande, etter at arrangøren fann ut kven som stilte blant dei nær 120 startande, var det at spanjolen - busett i Romsdalen - vann løpet. Han sette ikkje overraskande løyperekord.

Jornet brukte 48 minutt og 3 sekund på dei 1.154 høgdemeterane frå Prestgarden og opp til Eggjapiken. Beste lokale vart Vegard Galaaen, Bøverdalen, som kom i mål 2.20 etter Jornet.

Beste lokale dame vart Line Lystad frå Vågå som sprang opp på 1.02.48.

Kilian Jornet er kanskje den råaste fjelløparen i verda, og er spent like god på ski som med joggesko. Han skal seinare i sommar springe Besseggløpet.