– Nå er det nok. Det må innførast nulltoleranse for ulv i beiteområder. Norsk rovviltforvaltning er totalt ute av kontroll. Dette er eit hån mot tidlegare generasjonar som har streva med rovdyr og som etterkvart klarte å få bukt med problema. Det nyttar ikkje å drive med husdyr og matproduksjon når rovdyra skal ha fyrste prioritet.

Bjarne Eiolf Holø (SP) brukar sterke ord når han karakteriserer den situasjon som nå på nytt har dukka opp i Gudbrandsdalen. Han støttar sin ordførarkollega Rune Støstad i Nord Fron som krev ståande fellingsløyve på ulv.

– På nytt viser det seg at ulven er ein lystmordar, seier Holø. Han stiller spørsmål om den ulven som nå spreier seg med rekordfart i Norsk natur er utsette hybridar.

I Nord-Gudbrandsdalen er det jerven som er den største skadevoldaren og Holø vil og ha ein sterkare regulering i talet på jerv. Han meiner at ein kan leve med gaupe, jerv og ein og annan bjørn, berre ein syrgjer for raskt uttak av dei største skadevoldarane. Der det vert observert stor aktivitet av jerv i beiteområder må denne tas ut effektivt av SNO på snø og sporføre.

Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal sende brev til statsråden i Kima- og miljødepartementet i mai der dei ba om eit møte snarast og før beiteslepp.

– Dette har vi ikkje fått svar på enda, seier Holø, og vil i dag gjere eit nytt forsøk og stiller meir enn gjerne opp saman med kollegaer frå Midt-Gudbrandsdalen.

Holø er nå på tur til Oslo i eit annan møte med fem statsekretærar frå 4 ulike departement angåande det pågåande forenklingsarbeidet av utmarksforvaltninga. Sjølv om rovdyr ikkje er tema på det møtet, vil Holø likevel ta opp dette dagsaktuelle temaet.

Som ordførar og regionrådsleiar i ein landbruksregion vil ikkje Holø lengre akseptere at etablert landbruksnæring, anna næringsliv og busetjing blir truga grunna ein feilslått rovdyrpolitikk.

Holø ynskjer og svar frå statsråden på korleis dei vil handtere det faktum at innføring av prioriterte yngleområde for jerv i beiteområder faktisk kan resultere i krav om innløysing av beiterett.