Paragliderulykka skjedde i Bøverdalen i Lom sundag ettermiddag.

Kommunikasjonsrådgjevar ved Sykehuset Innlandet, Line Fuglehaug, fortel at ein mann vart frakta til sjukehuset på Lillehammer for sjekk.

– Luftambulansen vart sendt til ulykkesstaden, men pasienten vart frakta til sjukehuset i ambulansebil. Pasienten hadde vondt fleire stader da hjelpa kom, seier Fuglehaug, som ikkje veit meir om skadeomfanget.

Fjuken har så langt ikkje fått stadfesta alderen på mannen, heller ikkje kvar han er heimehøyrande.