Viggo Resset i Randsverk og sonen Matti Bergdølmo Resset fekk ei overrasking da dei sundag sjekka bileta på viltkamera dei har hatt ståande ute på Hovdamoen - på sørsida av Rindhovda.

Blant mange bilete av rev, hare og grevling, var tre av bileta av ein bjørn som kryssa stigen cirka 30 meter frå kameraet.

Viggo Resset fortel at viltkameraet har stått ute i halvanna veke. Da han skulle hente kameraet fredag ettermiddag, reagerte han på at det var grave i jorda ved ei maurtuve.

– Eg tenkte at dette er typiske spor etter bjørn, seier Viggo Resset. Han fortel at han hadde med seg eine hunden sin, og at denne var redd og ville berre krype mellom føtene hans.

Noko meir spor etter bjørn såg han ikkje.

Da bileta frå viltkamera vart sjekka sundag, oppdaga far og son rovdyret på tre av bileta.

Bjørnen var fotografert kvart over åtte fredag morgon.

– Det var fotografert tre bilete på eitt sekund. Det ser ut som bjørnen spring. Kanskje den jagar eit dyr, seier Resset.

Sundag kveld var SNO på staden for å sjå etter spor, for å stadfeste om det var bjørn.

Viggo Resset er ikkje i tvil.

– På bileta ser ein at det er bjørn.

Viggo Resset er attende der bjørnen for. Kameraet hang på grana i bakgrunnen. Foto: ARVE DANIELSEN