Bilen var på veg vestover. Da han vart stoppa av politiet, synte det seg å vera same bil og same personar som politiet stoppa natt til onsdag på E6 i Øyer. Den gongen på grunn av vinglete køyring og ein sjåfør utan førarkort.

Fredag skjedde det på nytt. Sjåføren vart anmeldt for køyring utan førarkort og mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Frå politiet får vi opplyst at sjåføren var så rusa at han var inni autovernet da politiet stoppa han.

– Det er fint at folk melder frå når dei ser spesiell køyring, melder politiet.