Dermed må ein kunne slå fast at saka tok ei uventa vending.

Rådmannen si innstilling var å ta over drifta og arbeidsgjevaransvaret for dagleg leiar. Saka har vore behandla i fleire utval og over lengre tid. Både kultur- og oppvekstutvalet, helse- og omsorgsutvalet og fleirtalet i formannskapet har slutta seg til innstillinga frå rådmannen.

Men torsdag ettermiddag tok saka ei ny vending.

– Vi skal vera stolte av og glade for friviljugsentralen. Dei gjer eit kjempearbeid. Spørsmålet er korleis sentralen skal organiserast. I Skjåk Ap har vi hatt ein grundig debatt om saka. Vi er ikkje samde i partiet, men fleirtalet har kome fram til at friviljugsentralen bør halde fram som i dag. Det er ikkje ei kommunal oppgåve å drive friviljugsentral, sa Stig Banken (Ap), som på vegner av partiet bad kommunestyret om å avslå søknaden. Han sa i sitt innlegg at han ikkje kunne skjøne det kunne bli billegare for kommunen å ta over drifta.

– Skjåk Ap vil vera ein garantist for å gje tilskot til frivljugsentralen på dagens nivå, det er heilt sikkert. Men dei friviljuge må drive sentralen sjølve. Det er ikkje vår oppgåve, like lite som vi skal drive Røde Kors, idrettslaget eller anna, argumenterte Banken.

Ordførar Elias Sperstad fortalde at frivljugsentralen har sett føre seg to alternativ. Det eine er at kommunen tek over både drift og anlegg, som dei helst vil. Det andre alternativet er at kommunen tek over berre drifta.

– Friviljugsentralen ynskjer seg ei rask avklaring, sa Sperstad, som gjorde det klart at han ville gå for rådmannen si innstilling.

Ordføraren fekk ikkje med seg heile Sp-gruppa i det synet. I båe parti var det representantar som både røysta ja og nei til kommunal drift av friviljugsentralen, men fleirtalet vart nei, med 13 mot 8 røyster.

– Det er ikkje ei kommunal oppgåve å drive friviljugsentral, sa Stig Banken (Ap). Foto: Vigdis Kroken