46 bobilar og campingvogner er denne helga samla på Randsverk camping når Norsk bobil- og Caravan Club avdeling Lillehammer og omegn feirar sine 30 år.

Arve Nørjordet som er sekretær i klubben, fortel at da Vågå Caravan Club vart lagt ned for tre år sidan, slo ein seg saman med avdelinga på Lillehammer.

Norsk Bobil- og Caravan Club avdeling Lillehammer og omegn har medlemmer frå Brøttum i sør til Skjåk og Lesja i nord. Totalt har klubben 274 medlemmer.

Seks medlemmer frå Ottadalen deltek på jubileumsmarkeringa i Randsverk.

Markering av jubileet starta fredag kveld. Laurdag skal det vere hesteskokasting, ein fast tradisjon når bobil- og campingvognfolket møtest. Laurdag kveld er det festmiddag med 94 personar til bords.

– Randsverk er ein ypparleg plass for eit slik treff. Det er ikkje mange som kan ta imot så mykje folk på ein gong og servere mat til, sa Arne Ringen, leier i klubben.

Også president i Norsk Bobil- og Caravan Club, Bjørn Johansen, hadde teke turen til Randsverk denne helga for å helse jubilanten.

Peter Brag på Randsverk camping set pris på at bobil- og caravanfolket legg jubileet sitt dit.

Norsk Bobil og Caravan Club er Norges største og eldste interesseorganisasjon for dei med campingvogn eller bobil. Klubben vart stifta i 1960 og er ein partipolitisk nøytral organisasjon som skal ivareta medlemmene sine interesser overfor myndigheiter, organisasjonar og andre instansar.

Årsavgift for bubilar på lik storleik som personbilar og redusert bomavgift, er noko av det klubben har fått gjennom siste året.