Rovviltkontakt Erling Dagsgard har studert spora, men kan ikkje slå fast med sikkerheit at det er ulvespor.

– Det eg kan seia er at det er moglegheit for at det er det, seier Dagsgard og fortel at det ikkje er mogleg å sjå skilnad på spor etter ulv og til dømes større Alaskahundar.

– Dermed er det slik, når vi ikkje har meir å gå etter, at vi berre kan konkludere med «ulv usikker». Når det er sagt, såg vi av spora at han har jaga på elg, så det er godt mogleg det var ulv, utan at eg kan stadfeste det som ei sanning.

– Kan dette ha vore same ulv som vart skoten på Lesja i natt?

– Nei. Poteavtrykka på Pollodden var mykje større enn det eg har fått opplyst at dei var på Lesja, så det må vera to ulike dyr.

– Det betyr at det kan vera ulv i Skjåk nå?

– Kanskje, eller det kan ha vore.