Det er for tidleg for badesesongen, men fiskarane er i gang med sin aktivitet.

Onsdag kveld var det stor aktivitet i Smedsmodammen ved YX i Vågåmo da Ottadalen Sportsfiskeforening hadde sin årlege demonstrasjon av utstyr for fluefiske.

Fluefiske er ei populær form for sportsfiske over store delar av verda.

G-sport Rustadstuen på Lillehammer var oppover med det siste av fiskestenger og sneller, der 15 ivrige fiskarar fekk prøve utstyret.

Trønderen Trond Syrstad som kanskje er ein av verdas beste fluefiskarar, demonstrerte sine stenger, samstundes som han lærte bort sine triks for å kaste betre.

Ottadalen Sportsfiskeforening starta opp for eitt par år sidan og har cirka 30 medlemmer frå Skjåk, Lom, Vågå og Sel.

– Mange er ivrige til å fiske med fluestong, men vi skulle vore fleire, seier Roger Berg. Ved vasskanten stod fleire habile kastarar med fluestong, som Stig Brandal.

Fluefiske er ei kunst. Men det er ikkje vanskeleg å lære seg, skal ein tru fluefiskarane Berg og Brandal.

– Det er heile livet dette her, seier Stig Brandal der han svingar fiskestonga.

– Kva må til for å bli god til å kaste med fluestong?

– Det er trening som må til. I staden for å stå å kaste i elva, kan ein trene på plenen heime, seier Stig Brandal. Han legg til at ein finn roa når ein står langs elva og kastar med fluestong.

Det er imponerande å sjå på når han handterer fluestonga.

Roger Berg seier at det krevst meir å fiske med fluestong. Ei kjensle av meistring.

– Men ein tek ikkje meir fisk med fluestong enn anna fiskereiskap, seier Berg.

Denne kvelden var det ingen som tok fisk. Det var berre tørrtrening utan flue på snøret.