– Det er flott her, seier Ruben Kahrs der han står oppi Sjårdalsvegen og ser utover Vågåvatnet som strekkjer seg vestover.

24-åringen frå Celle i Tyskland har Gaupne og Jostedalen som mål for turen. Og gå skal han gjere heile turen. Han starta turen den 4. april og har gått opp gjennom Tyskland, via Gdansk, ferje over til Sverige, kryssa grensa til Norge. Dei siste dagane har han lagt Gudbrandsdalen for sine føter.

GD omtala tyskaren på si nettside da han passerte Lillehammer.

Måndag kom han vandrande med hunden sin gjennom Sjårdalen til Vågåmo der han la seg til for kvelden. Han dreg på ei heimesnekra tralle der han lagrar tinga sine i ein sekk og ei rund tønne.

Telt har han ikkje, men finn nattely og vern mot vêr og vind under ein presenning.

Når han er framme i Gaupne, fortel han at han vil vere der i to månader. Fiske og gå i fjellet.

– Eg møter mange trivelege folk på turen, seier Ruben Kahrs. Han fortel at på gode dagar kan han gå tre mil om dagen. Men legg til at det ikkje er viktig kor langt han går for kvar etappe.

Tysdag går turen vidare langs vegen på solsida av Vågåvatnet til Lom, før han startar turen opp mot Sognefjellet.