Brannvesenet i Vågå er blant de utvalde når Gjensidigestiftelsen nå gjev bort 37 nye brannbiler og utstyr til ein samla verdi av 190 millionar kroner. Ein topp moderne mannskapsbil står ferdig i løpet av eitt par månader, og skal takast i bruk frå hausten.

I samband med 200-årsjubileet til Gjensidige Forsikring har selskapets største eigar, Gjensidigestiftelsen, gjeve folkegåva «Det store brannløftet» til ein samla verdi på 350 millionar kroner. Dette løftet skal bidra til ei ytterlegare styrking av det norske brannvesenet.

Og innbyggjarane i Vågå er blant dei som nå kan glede seg over satsinga.

– Det har vore utfordrande å avgjøre kva brannvesen som skulle få nye biler. Vi fekk inn svært mange kvalifiserte søknader. Difor er vi glade for at Vågå nå er blant de stadene i Norge som får ein mannskapsbil og såleis også ein styrka brannberedskap, sa Pål Haugstad i Gjensidigestiftelsen da han måndag ettermiddag overleverte ein brannbil i miniatyr og ein gåvesjekk pålydande 4,5 millionar kroner til brannmannskapa i Vågå.

Gleda og jubelen var stor over denne storslåtte og uventa gåva.

Les meir i papiravisa torsdag.