Det var 58,8 prosent valdeltaking i Vågå. Av desse hadde 641 røysta på førehand. 1.134 på sjølve valdagen.

1,7 prosent stemde blankt, 16,7 prosent stemde ja og 81,6 prosent stemde nei.

– Eg er ikkje overraska over resultatet utifrå stemninga hjå bygdefolket, sa ordførar Iselin Jonassen da resultatet var klart sundag kveld.

Jonassen sa at god deltaking og engasjement i saka, er viktig for lokaldemokratiet.

– Skuffa over resultatet?

– Ja, eg er skuffa over resultatet. Men vi har sagt klart frå at vi skal følgje folket. Eg vil difor tilrå kommunestyret til å stemme nei til kommunesamanslåing mellom Vågå og Sel, sa Jonassen.

Ordføraren er klar på at utfordringa frå regjeringa om å endre kommunestrukturen i landet, står fast.

– Den 17. juni skal det vere møte i regionrådet, der vi vil drøfte valresultatet og prosessen med kommunereform, sa Jonassen.

Også veljarane i Sel sa nei til kommunesamanslåing med Vågå.

59,6 prosent av veljarane sa nei, 36,2 prosent sa ja og 4,2 prosent blanke stemmer.

Valoppslutninga i Sel var på 44,6 prosent.