Jonsson blues Hildegunn Hovde og Aslak Brimi har tonesett dikt. Med seg hadde dei mellom anna Stein Magne Eggen på trekkspel og vokalisten Aasmund Nordstoga.
            (Foto: Hans Erik Kjosbakken)

Jonsson blues Hildegunn Hovde og Aslak Brimi har tonesett dikt. Med seg hadde dei mellom anna Stein Magne Eggen på trekkspel og vokalisten Aasmund Nordstoga.Foto: Hans Erik Kjosbakken

«... eit dæme av blått»

Tor Jonsson feira med ny plass og konsert.

Det ville forundre oss om diktaren frå grågrenda hadde tykt om det som skjedde i heimbygda Lom laurdag.

Han vart nemleg heidra med nyoppussa plass, høge ord og konsert.

Plassen utanfor Midtgard, som faktisk har vore tileigna Jonsson sidan slutten av 1960-talet, vart høgtideleg reopna tidleg eftasleite. Deretter var det flokkvandring gjennom bergomsgarden og ord i stein, til stusslegstugu nedunder Lomseggen. Til sist fekk ein fullsett kultursal ta del i tungsinnet hans i form av festtale og nyleg tonesette dikt.

Tor Jonsson Band gjorde inntrykk på publikum. «Vemodig vakkert» var omkvedet på tur ut dørene i Utgard.  Vi kan skrive under.

Les og sjå meir om den store Jonsson-dagen, på papir, 26. mai.

Tor Jonssons Plass Mange hadde møtt fram til reopninga av Tor Jonssons plass framfor Midtgard.
            (Foto: Hans Erik Kjosbakken)

Tor Jonssons Plass Mange hadde møtt fram til reopninga av Tor Jonssons plass framfor Midtgard.Foto: Hans Erik Kjosbakken

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: