– Ulveforliket mellom Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti har ikkje teke inn over seg felles uttale frå fylkestinga i Hedmark og Oppland om ulvemeldinga, seier Ivar Odnes, fylkesvaraordførar i Oppland.

Fylkestinga i Hedmark og Oppland kravde i si uttale at meldinga måtte trekkast attende på grunn av at den kun tok omsyn til vern av ulv og hadde ingen vurdering av omsynet til beitedyr og villreinstammer.

I uttalen vart det blant anna peika på dei to fylka sitt ansvar for villrein og tamrein, samt at Hedmark og Oppland er fylke kor landbruksnæringa står sterkt. Begge deler møter store utfordringar med meir ulv i Norge.

Fylkestinga bad om at bestanden av ulv skulle reduserast og sjåast i saman med grenseulv og den svenske ulvebestanden.

Denne uttalen vart det altså sett bort frå da ulvemeldinga vart lagt fram torsdag denne veka.

– Nå kan det i verste fall bli 9 ynglingar i Norge og grensetraktene slik forslaget er. Og det er opning for å telle med ynglingar utanfor ulvesonen også, seier Ivar Odnes. Han er svært bekymra for framtida til beitenæringa i Hedmark og Oppland som alt i dag store utfordringar med ulv.

– Dette vil gje enda større press på både beitenæring og vår villreinstamme i Rondane, som vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på, seier Ivar Odnes.

Fylkesvaraordførar Ivar Odnes er bekymra for framtida til beitenæringa i Hedmark og Oppland som alt i dag store utfordringar med ulv. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV