Noregs minste festival vart arrangert for fyrste gong i 2013, ved og i Smith-hytta oppunder Lomseggen, eller Smithbua som dei fleste seier.

– Det var rett etter jordskjelvet i Nepal at eg bestemde meg for at vi måtte arrangere ein festival til, for å samle inn pengar til dei som vart ramma av jordskjelvet, fortel initiativtakar Egil Olav Nyrnes.

Nyrnes fortel at han vart ekstra inspirert av Mai Bakken og Bjørg Lund, som samla inn pengar til eit skuleprosjekt i landsbyen Richet etter at dei i fjor nådde toppen av fjellet Ama Dablam. Richet var ein av dei landsbyane som vart hardast ramma av jordskjelvet i april 2015. Det er det same prosjektet Noregs minste festival vil gje pengar til.

Smithbua vart restaurert i 2012, av både lomværar og sherpaer. Etter restaureringa vart det meir populært, for folk flest, å gå til Smitbua. Egil Olav Nyrnes, saman med dottera Rønnaug, tok initiativ til festivalen for tre år sidan.

– Kva kan du røpe frå årets program?

– Eilev Hellekveen skal spela fløyte, Jeanette Schakenda skal spela lur og Haldis Ofigsbø skal ha salsutstilling av maleria sine. Det eg gler meg aller mest til, er at vi skal heidre ein person eller fleire - eg vil ikkje vera så detaljert at nokon kan skjøne det - på festivalen. Kven dette er, og kvifor vi vil heidre vedkomande, har vore klart lenge, men det vil fyrst bli offentleggjort under festivalen, seier ein løyndomsfull Egil Olav Nyrnes.

Reidar Svare skal vera med på fyrste del av årets festival. Han blir med på rusleturen til Tor Jonsson-stugu. Der skal han framføre eit lite program i høve at det er 100 år sidan Tor Jonsson vart fødd.

– Eg håpar flest mogleg blir med på årets festival, og eg håpar vi greier å samle inn så mykje pengar som råd til dei jordskjelvramma i Nepal, seier Egil Olav Nyrnes.

Mellom 80 og 100 personar møtte fram da Noregs minste festival vart arrangert i 2013. Foto: Vigdis Kroken/Arkiv