Det var duka for lokaloppgjer i serieopninga i 5. divisjon laurdag. Da møttes Lom og Vågå i Grov.

Kampen baud ikkje på nokon stor underhaldningsverdi i vindkulene, der båe laga skifta på å føre kampen.

Vågå tok leiinga i kampen etter 30 minuttar spel ved Trond Einstulen. Lom utlikna ni minuttar seinare ved Håkon Gjendem Moen.

Båe laga hadde sine sjansar til å score fleire mål, utan å lukkast. Dermed vart det uavgjort og poengdeling mellom rivalane i Ottadalen.