– Å få opptre i Mariinsky, er ein draum eg ikkje visste eg hadde. Ekstra stas er det at eg får opptre med eigen musikk, seier Bjørn Kåre Odde.

Fyrste og andre veka i mai reiser musikaren frå Garmo på turné saman med Oslo-koret Schola Cantorum. Fyrst til Basel i Sveits og så til Russland og St. Petersburg.

Oslo-koret har bestilt eit stykke for blandakor og fele av Bjørn Kåre Odde. Stykket har fått namnet «Snilla Patea». Kva dette betyr, held han hemmeleg.

– Namnet er lokalt forankra frå Garmo, seier Bjørn Kåre løyndomsfull.

Fredag kveld hadde Bjørn Kåre Odde og koret Schola Cantorum urframføring av stykket dei skal på turné med i Metodistkyrkja på Grünerløkka i Oslo.

Sjå video av urframføringa av «Snilla Patea» her.