Fredag kveld rasa ein ny stein ut i vegen i Geidde. Strekninga på fylkesveg 55 ovafor Galdesand har vore berykta i alle år.

– Må det skje ei ulykke før det blir gjort noko? spør Stig Moen. I likskap med mange i Bøverdalen kryssar han fingrane for at det ikkje skal skje ei ulykke på strekninga.

Fjuken var med Stig Moen på tur i Geidde laurdag. Steinen som kom fredag, var fjerna. Men nye steinar ligg på tur for å rase.

Stig Moen har arbeidd med reinsking av fjell i ti år og meiner han har kompetanse på dette feltet.

– Hadde eg tatt eit spett kunne eg reinska eit billass med stein på lite grann, seier han. Moen er skremt over det han ser. Fleire plassar er berget sprekke opp og gjev lause blokker som kan skli ut.

Stig Moen strekkjer seg og ruggar på ein stein som ligg laust. Han tør ikkje tenkje på kva som vil skje om denne rasar ned og treffer ein bil.

Det er ikkje dei store blokkene Stig Moen fryktar, men det er småstein som kan koma. Stein som kan treffe ei bilrute. Eller gå gjennom eit glastak som fleire bilar har i dag.

Foreldre i Bøverdalen er redde at noko skal skje med skulebussen i Geidde.

– Eg likar ikkje køyre i Geidde. Eg sit og ser opp i berget i staden for på vegen, seier Moen. Han kjenner til at folk vurderer å kjøre vegen om Storhaugen for å sleppe køyre Geidde. Men her er det berre framkommeleg for personbilar.

– Kva om vegen blir stengt? spør Stig Moen. Da blir vi isolerte oppi her, seier han.

Etter at Fjuken skreiv om Geidde sist haust, skulle Statens vegvesen ta ei vurdering av staden. Moen veit ikkje om dette har skjedd.

– Vi kjenner oss hjelpelause, seier Stig Moen.

Stig Moen ruggar på ein stein som ligg laus. Foto: ARVE DANIELSEN