Statens vegvesen har bede Lom kommune om uttale knytt til forslaget om plan for kollektivterminal, trafikktryggleik- og miljøtiltak på Fossbergom.

Planen skal legge til rette for utbetring av kollektivterminal, forbetring av trafikkmiljø, visuell utforming og tilbodet for gåande/syklande.

Ein del av planen går på strekninga mellom Kiwi-butikken og Esso.

Statens vegvesen ynskjer å avvikle parkeringsplassane framfor Kiwi, da dei vurderer det som risikofylt at bilar må bruke fortauet for å manøvrere til parkeringsplassane. Det er utarbeidd to alternative framlegg til området: Statens vegvesen går for eit alternativ med torg framfor Kiwi med køyrehinder slik at det ikkje blir mogleg å koma inn på plassen framfor butikken.

Lom formannskap skal behandle saka måndag 2. mai og koma med uttale til planen frå Statens vegvesen.

I si innstilling til uttale, ynskjer administrasjonssjefen i Lom kommune å behalde fire parkeringsplassar framfor Kiwi, sjølv om dette vil medføre manøvrering av bilar på fortau.

– Alternativet gjer det mogleg å behalde ettertrakta parkeringsplassar i Fossbergom sentrum, skriv administrasjonssjefen i innstillinga. Han viser til at det aldri har vore dokumentert noko ulykker knytt til parkeringsplassane ved berget framfor Kiwi.