Håvard Svendsrud vart under Vågåtreffen i november heidra med Vågåfatet 2015. Nå kjem han attende til Vågå for å halde konsert saman med Øivind Farmen.

Fredag kveld held Håvard Svendsrud og Øivind Farmen trekkspelkafé på Vågå Hotel. Saman vil dei gjere eit perledykk i trekkspelmusikken der ein får oppleve både konsertmusikk og ei rekkje kjente gamaldansleiker side om side.

Dei er båe klassisk utdanna ved Barratt Dues Musikkinstitutt, men har i tillegg til den klassiske musikken vore aktive svært svært aktive innan tradisjonell trekkspelmusikk og andre stilartar.