Torsdag hadde ei patrulje frå politiet i Ottadalen laserkontroll på Vågåvegen, langs den gamle riksvegen på Vøyllom.

Av 41 kontrollerte var det ein bilførar som vart stoppa i 60-sona på grunn av høg fart. Det kvalifiserte til ei bot på 4.200 kroner.

Klokka 15.50 fekk politiet melding om kollisjon mellom to bilar i krysset riksveg 15 og Solsidevegen i Lom sentrum.

Ein av bilane hadde ikkje halde vikeplikta. Det vart ingen personskader. På grunn av at olje og veske hadde runne ned i vegen, måtte brannvesenet spyle bort dette.

Politiet opprettar melding på sjåføren som ikkje heldt vikeplikta.