Skjåk folkebibliotek var fullsett da kulturskulen onsdag kveld framførte «Hønemor og dei tolv kjuklingane».

17 ungar frå 1. - 4. klasse i karusell kunst framførte stykket som er basert på ei barnebok av Aslaug Høydal. I år er det 100 år sidan forfattaren vart fødd. Aslaug Høydal (1916-2007) budde 36 år i Skjåk. Teaterframsyninga til kulturskulen var ein del av jubileumsmarkeringa i Skjåk.

Publikum i biblioteket denne fine vårkvelden fekk oppleve 17 sprudlande unge skodespelarar.

Her var hønemor med sine tolv kjuklingar, ekorn og den farlege reven. Alt gjekk bra til slutt.

Sjølve finalen kom overraskande på publikum, og ikkje minst ordførar Elias Sperstad. Da den gamle slagaren «Fugledansen» vart spela, dansa både kjuklingar, reven og ekornet.

Hønemor som var spela av Sara Bosmen baud opp ordføraren til dans. Med ordførarkjede rundt halsen svinga ordføraren seg i dansen som ein stolt hane…

Tidlegare på kvelden stod ordføraren for den offisielle opninga av ei kunstutstilling av ti elevar i formgjevingsgruppa i kulturskulen.