Norfakta har intervjua 250 innbyggjarar over 16 år i kvar kommune. Den fullstendige undersøkinga vil bli presentert og drøfta i det felles kommunestyremøtet i Bismo måndag.

Undersøkinga syner at eit lite fleirtal av dei som har teke standpunkt ynskjer ikkje samanslåing, men gruppa som ikkje har teke stilling er stor.

Det er verd å merke seg at motstanden er noko større i Lom enn i Skjåk.

På spørsmålet om ein hovudsak er for eller imot samanslåing, er resultatet slik:

Skjåk:

36% for, 41% mot, 23% veit ikkje

Lom:

33% for, 43% mot, 24% veit ikkje

Spenninga i folkerøystinga 22. mai vil vera om «veit ikkje-gruppa» tek standpunkt for eller mot.