– Det var meininga at vi ikkje skulle opne att før onsdag, men nå har eg bestemt meg for at vi skal opne att klokka 15.00 i efta, seier ein stressa butikkesjef Arnt Rune Vole.

Heile butikken blir nå oppgradert. Frukt- og grøntdisken er ny, større og blir plassert ved starten av handlerunda for å stimulere kundar til å handle sunt. Andre varer vil òg få anna plassering enn tidlegare. Nye diskar, nye fargar, merkelappar, nye ljos.

Dei siste par åra har Kiwi investert meir enn ein milliard kroner i å oppgradere butikkane. Distriktsjef Gunnar Steinslien fortel at Kiwi skal ruste opp 631 butikkar. Dei fleste har vore gjennom si oppgradering. Kiwi i Lom er blant dei siste.

Arnt Rune Vole fortel at det er mange som er med på dugnaden i Lom.

– Sjølve er vi fire personar, det er åtte personar frå Kiwi-laget som driv med slik type opprusting og vi har dessutan hjelp av åtte ulike butikksjefar frå nedover dalen. Det er derfor eg tek sjansen på å seia at vi er ferdige klokka 15.00, seier Vole optimistisk.

Butikksjef Arnt Rune Vole og distriktssjef Gunnar Steinlien diskuterer ulike løysingar. Foto: Vigdis Kroken