– Det er flott at ei eldsjel og ein lokal heidersmann som du er, får Kongens fortenestemedalje, sa assisterande fylkesmann Eli Blakstad, da ho i januar overrekte medaljen på vegne av H.M. Kong Harald til Pål P. Haugen frå Skjåk.

Pål P. Haugen har lagt bak seg eit langt yrkesliv som bygdasnikkar. Vidare har han lagt ned ein eineståande dugnadsinnsats for Lom og Skjåk skyttarlag i nærare 40 år. Han har òg vore medlem i Skjåk kommunestyre, leiar av bygningsrådet og tillitsvalt i Lom og Skjåk sparebank.

Måndag var Pål P. Haugen og kona Gerd på Slottet for å takke kongen for heideren.

Les meir i avisa torsdag.