I år er det 100 år sidan Tor Jonsson vart fødd. Målet er å vera ferdig med arbeidet innan 14. mai, som er fødselsdagen til diktaren. Lom kommune og Sparebank 1 Lom og Skjåk har gått inn med 75.000 kroner kvar i opprustingsprosjektet.

Minnesteinen skal flytjast for å gjera diktaren meir synleg. Nåverande vegetasjon skal fjernast, det skal plantast ny einekjerr, leggjast steinheller og plen og setjast opp to steinbenkar. Steinhellene, som skal plasserast rundt om i sentrum, skal ha sitat av diktaren. Ei av hellene skal etter planen plasserast ved Vassvaglen, ei på Kyrkjevollen, ei framfor biblioteket og ei framfor bakeriet. Steinhellene skal fellast ned i asfalten slik at dei skal tole tyngda av bilar og ikkje vera til hinder ved brøyting.

Tor Jonsson-laget har planar om fleire arrangement i høve Tor Jonsson-jubileet.