Unni Strand er 48 år gammal og bur på Sel. Ho har lang og brei erfaring frå ulike stillingar i DNB, seinast som avdelingsbanksjef Gudbrandsdal i perioden 2014 – 2016.

Styreleiar Hans Kolden skriv at med tilsetjinga av Unni Strand, er styret i banken trygg på at dei har fått tak i ei kvinne med kvalifikasjonar og bakgrunn som vil bidra til at banken greier å møte utfordringane i framtida på ein offensiv og god måte.

Strand startar i jobben 1. oktober.