– Vi er utruleg takknemlege for meldinga som kom i dag. For ei lita og nystarta bedrift er det ei stor glede både å bli vist ein slik tillit til produktet vårt og å få den nødvendige hjelpa for å etablere oss og utvikle ideen vår, skriv Mette og Vegar Vårdal i ei melding.

Dei har fått tilsegn om 500.000 kroner og prosjektet har ei tidsramme på to år.

Mette og Vegar Vårdal skal bruke arbeidet med bestillingsverket «Ikkje ver blug, kyss meg», som dei gjer i samarbeid med Landskappleiken i Vågå til sommaren, som eit pilotprosjekt for å utarbeide rutinar og materiell for fleire og større produksjonar seinare.

– Det er et omfattande prosjekt vi har søkt støtte til, det består av ein serie med mindre delprosjekt. Det aller meste av tilskotet går til ulike små og store samarbeid med andre lokale aktørar. Slik håpar vi at tilskotet skal koma mange til gode og skape meir aktivitet enn det vi kan gjere aleine, skriv Vårdal.