Årets Ståk i Skjåk skal gå føre seg fyrste helga i juni. Arrangementet skal gå over tre dagar og kan by på ulike programpostar kvar dag.

Fredag kveld blir det Quiz på Skeid kro.

– Det kan alle vera med på, unge, gamle, kvinner og menn. Det er Nordberg brettspelarlag som har teke på seg å arrangere quizen, fortel Marianne Stensgård i arrangementskomiteen.

Laurdag blir mykje som tidlegare år: Dokkevogn- og traktorparade, marknadsplass med boder, god mat, musikk, underhaldning og Flækøyhøe Upp. Det blir arbeidd med noko heilt spesielt - og spennande - for ungdomen, som arrangøren vil kome attende til. Og sjølvsagt: Det blir fest! Festen skal gå føre seg ute, på plassen mellom Statoil og Skjåk kjøpesenter. Festen er gratis.

– Kva slags musikk og underhaldning vi skal ha på festen, er ikkje endeleg bestemt, så det må vi få kome attende til, seier Marianne Stensgård.

Sundag er det på tide å trimme litt. Da inviterer Skjåk turlag til ein spennande rusletur med start frå ysteriet.