«Dei siste dagane er det registrert ein stor hannjerv på åte i Finndalen i Lom, seinast på viltkamera kl 08.12 i dag. Dette er ein jerv med karakteristiske trekk som har vore observert både i Finndalen og i Lordalen».

Slik startar e-posten ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø, sende til Miljødirektoratet fredag ettermiddag. Ordføraren viser til tidlegare korrespondanse og skadefellingsoppdraget som er gjeve til Statens naturoppsyn for tre dagar frå vedtak 8. mars, av ein jerv i områda Lesja, Skjåk, Lom og Vågå.

Vidare i brevet skriv Holø at det med bakgrunn i tidlegare observasjonar truleg er denne hannjerven som seinast vart observert fredag morgon, som står bak dei største tapa på sau i dette området dei siste beitesesongane.

Saman med ordførarane Elias Sperstad i Skjåk, Iselin Jonassen i Vågå og Mariann Skotte i Lesja, krev Bjarne Eiolf Holø at Miljødirektoratet set i verk skadefelling av denne jerven snarleg.

«Medlemar frå dei kommunale skadefellingslaga i Lesja, Vågå, Lom og Skjåk vil vere klare til å bistå/ utføre felling på kort varsel, også nå på helg», skriv Bjarne Eiolf Holø avslutningsvis i brevet.

Lomsordføraren fortel til Fjuken fredag ettermiddag at han har vore i kontakt med ein person i Miljødirektoratet som vil følgje opp saka i løpet av dagen.

– Eg har også vore i kontakt med Statens naturoppsyn som fekk skadefellingsoppdraget i vedtaket 8. mars, men dei får ikkje gjort noko før Miljødirektoratet tek kontakt med dei, seier Bjarne Eiolf Holø.

Kontaktpersonen i Miljødirektoratet har lova ordføraren ei attendemelding i løpet av fredagen.

SISTE: Fredag ettermiddag fekk Bjarne Eiolf Holø svar på e-post frå seniorrådgivar i viltseksjonen i Miljødirektoratet. I svarbrevet skriv direktoratet at dei har vurdert saka, men at det ikkje er aktuelt å setje i verk ekstraordinært uttak i påska, da dei ikkje ser på dette som noko akutt situasjon. Miljødirektoratet vil derimot vurdere saka fortløpande rett etter påske, ut frå ver, føre og spor.

Bjarne Eiolf Holø tykkjer det er bra at Miljødirektoratet vil fylgje opp denne observasjonen sjølv om det ikkje blir før rett etter påske. Ordføraren forventar at det da blir sett inn naudsynt mannskap og materiell for å få tak på den aktuelle jerven.