Den 6. mars hadde Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps og Vågå Røde Kors Hjelpekorps ei felles øving der naudnettet vart testa. Resultatet var nedslåande.

I sentrale delar av Jotunheimen er det ingen signal på naudnettet.

– Når ein byggjer ut naudnettet burde dei fjellområda som er mest trafikkerte hatt dekning. Dei sentrale delane av Jotunheimen er dårlege, seier Tåsten Nordal, leiar i Lom og Bøverdalen RKH.

Nordal fortel at det i Leirdalen og Visdalen ikkje er teikn på signal. Han håpar at dette blir betre når naudnettet på Galdhø kjem i drift. Snøskuterane frå Lom og Bøverdalen RKH køyrde inn Leirdalen til Leirvassbu, vidare til Olavsbu, Langvatnet, Hinnåtetjønn og Memurudalen.

Hjelpekorpsleiaren fortel at målet med øvinga var å finne strategiske plassar å plassere ut repeater for å forsterke signala.

– Vi fann ingen plass vi kom gjennom, seier Nordal.

Den einaste måten medlemmene i hjelpekorpset kan kommunisere på er å bruke dei gode gamle walkie-talkiane. Med desse får ein ikkje gjennomført samtalar med etatar som politiet, som koordinerer eventuelle aksjonar i fjellet.

– Å gje beskjedar via forskjellige nettverk kan føre til at viktige beskjedar forandrar seg når desse må gå gjennom fleire personar, seier Nordal.

Sist helg var mannskap frå hjelpekorpsa ute på leiteaksjon i området rundt Olavsbu etter ein far og to yngre døtre. Dei vart funne i god behald.

– Vi kom ikkje gjennom med naudnettet da heller, seier Nordal. Leitemannskapa måtte låne satellitt-telefonen på Olavsbu for å varsle om at dei sakna var funne.

For Vågå RKH er situasjonen ikkje så heilsvart som i Lom.

– Vi fekk det til å fungere rimeleg bra vestover Gjende der naudnettet er sett i drift, men over mot Glitterheim er det dårleg, seier Halvor Dalen.

Han seier at ved større aksjonar må ein setje ut repeater for å forsterke signala, men at mykje må klaffe for å få gode signal.

Politibetjent Albert Lunde fortel at dekninga i Jotunheimen har vore kartlagt tidlegare, slik at testen av naudnettet som vart gjort av hjelpekorpsa stadfestar at dekninga i nasjonalparken er dårleg.

– Forventingane til naudnettet er stor. Sentrale delar av Jotunheimen har inga dekning, men håpet er at det skal bli betre, seier Lunde. Han fortel at hjelpekorpsa har sporing via satellitt, slik at politiet og dei som leiar aksjonen heile tida følgjer med kvar leitemannskapa er i terrenget.

– Bruk av satellittbasert kommunikasjon kan skape forseinkingar og gjere koordinering av aksjonar vanskeleg for politiet, seier Lunde.

Naudnett er det nye digitale sambandet for politi, brannvesen, helsetenesta og til dømes hjelpekorpsa. Naudnettet vart teke i bruk i Hedmark og Oppland hausten 2013 og vinteren 2014.

– Det vil vere avgrensa dekning i nasjonalparkane, seier pressekontakt Yngvild Runde i Direktoratet for nødkommunikasjon. Ho fortel at det vil vere avgrensa dekning fordi dei ikkje har eller kan få løyve til å byggje ut i freda områder som nasjonalparkane er.

Dei sentrale delane av Jotunheimen er dårleg dekt av naudnettet, seier Tåsten Nordal, leiar i Lom og Bøverdalen RKH. Foto: ARVE DANIELSEN