Det var dramatisk i Lom onsdag kveld da brannalarmen gjekk på Fossheim steinsenter.

Innehavar Torgeir T. Garmo gjekk for å sjekke kva som hadde utløyst alarmen etter klokka 22, da han i kjellaren vart møtt av stinn røyk og måtte snu.

– Eg varsla brannvesenet, og ein av mannskapa, som tilfeldigvis passerte, drog med ein gong til brannstasjonen og klargjorde for utrykning, fortel Torgeir T. Garmo.

Ikkje mange minutt etter var mannskap frå både Lom og Skjåk på plass og dei fekk kontroll over situasjonen.

Det er klart at lokala i den gamle låven, som inneheld ei unik steinsamling, butikk, museum og verkstad er svært prega av røyken. Eit firma er på plass for å sikre verdiar, og det vil bli mykje arbeid før alt er i orden att på steinsenteret.

Undersøkingar, for å finne årsaken til brannen som starta i eit kjellarlokale, vil ta til måndag.