Skiheisane på Grotli Høyfjellshotel i Skjåk vil køyre kvar helg framover frå og med laurdag denne veka. Kafeteriaen på hotellet vil også vere open, samtidig med skitrekket.

– I veke 9 som er vinterferieveka, og i påska, vil bakken vere open kvar dag, fortel Stein Are Bergheim på Grotli. Fredag kveld og utover natta er han travel oppteken med siste finpuss og klargjering til opninga av skitrekket laurdag.

Stein Are Bergheim fortel fredag ettermiddag at det er svært gode snøtilhøve på Grotli.

– Det er ei stund sidan det har vore så bra tilhøve denne tida som det er nå. Nå er det rett og slett kanonføre, fortel Bergheim.

Skianlegget på Grotli består av ein barneheis på 225 meter, og eit såkalla T-trekk på 1.350 meter. I tillegg til fine nedoverbakkar, har Grotli også ein populær terrengpark med 5-6 hopp og 3-4 rails. Stein Are Bergheim fortel at det også er køyrd opp ein del langrennsspor i området.

Fredag kveld og utover natta blir det gjort ein siste finpuss før opninga laurdag. Foto: Stein Are Bergheim