– Eg følte eg gjorde ein innsats, seier Roger Berg som laurdag 13. februar reiser til Lesvos på nytt oppdrag som hjelpearbeidar for å ta imot syriske flyktningar som flyktar over Egeerhavet frå Tyrkia til den greske øya.

Vagværen er ein av to tusen friviljuge frå alle kantar av verda som stiller opp for å hjelpe flyktningar.

Roger Berg reiser som friviljug for organisasjonen Medics Bergen. I januar da han var på Lesvos, var han stasjonert i hamnelandsbyen Molivos på nordvestkysten.

Berg som til dagleg er ambulansearbeidar, sit att med mange inntrykk etter dagane på Lesvos. Han seier at han vart skåna for dei verste tilfella. Det var ingen som omkom der han var.

– Det gjer inntrykk når det kjem gummibåtar, fullasta med folk. Det er kaldt i open båt over havet på denne tida av året. Folka har knapt vore ute i båt før. Overfarten er ikkje nokon dans på roser. Dei er kalde og redde. Når dei kjem i land viser dei ei kolossal glede. Dei tek ikring ein, gråter, viser ekte glede på alle måtar. Ein må nesten rive seg laus frå dei, seier Roger Berg.

I ein av båtane som han var med å ta imot, var det ei mor med nyfødde tvillingar. Dei var fødd ein dag eller to i førevegen. Det var også gamle folk og handikappa.

Opplevingane på Lesvos har ikkje skremt Roger Berg frå å reise på nytt oppdrag.

– Ein får eit anna inntrykk av flyktningkrisa når ein står midt oppi det. Dette er folk på lik line som oss. Dei kjem i land i Hellas, glade for å vere i trygge Europa. Det einaste som møter dei er ei usikker framtid som dei ikkje veit kvar skal ende, seier han.

Hjelpearbeidar Roger Berg har fått mykje merksemd etter oppdraget i januar.

– Responsen har vore stor, seier han og fortel at folk stoppar og pratar om flyktningkrisa og vil høyre meir om kva han har opplevd som hjelpearbeidar.

Men det kostar å reise som friviljug hjelpearbeidar. Berg dekkjer reise og opphald frå eiga lommebok. Nå har han fått økonomisk støtte frå Lions Club Vågå, Vågå kommune og Sparebank1 Lom og Skjåk.

Roger Berg skal vere borte ei veke som hjelpearbeidar. Ei veke med lange dagar i spenning der spørsmåla er: Kjem det båtar? Kor mange? Kjem dei seg trygt over?

Opplevingane på Lesvos har ikkje skremt Roger Berg frå å reise på nytt redningsoppdrag. Foto: Privat