I helga går årets UKM for ungdomar frå dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen av stabelen i Otta kulturhus.

248 deltakarar frå Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja og Dovre har meldt seg på årets «Ung Kultur Møtast», tidlegare kjent som «Ungdomens Kulturmønstring».

Gjennom tre framsyningar, ei fredag kveld og to laurdag, vil ungdomane gjennom totalt 75 sceneinnslag få syne fram sine talent for eit fullsett Otta kulturhus.

Ein titt i programmet til dei tre framsyningane, viser at det i år som tidlegare år blir varierte UKM-framsyningar, med alt frå hardrock og folkemusikk til diktopplesing og akrobatisk dans.

Har du ikkje planar for helga, kan det absolutt vere verdt å ta ein tur til Otta kulturhus for å sjå på eit knippe unge talent frå regionen i aksjon.

Les og sjå bilde frå UKM i papiravisa neste veke.