Torsdag var fylkestinget samla på Otta, der løyving av ytterlegare 3 millionar kroner til turistvegprosjektet og attraksjonen Gjende stod på sakskartet.

Oppland fylkeskommune har tidlegare løyvd 20 millionar kroner til prosjektet som har ein totalkostnad på 109 millionar kroner.

Fylkesrådmannen hadde i sitt forslag innstilt på å løyve 3 millionar til delfinansiering av prosjektet for ikonpunktet Gjendeosen.

Etter eit felles endringsforslag frå AP, SV, KrF og SP, vart det fleirtal i fylkestinget for ikkje å auke løyvingane til turistvegprosjektet.

Fylkestinget ber fylkesrådmannen gå i dialog med Statens Vegvesen og Vågå kommune for å gjennomføre prosjektet med tidlegare vedtatt ramme, eventuell anna finansiering.

Fylkesrådmannen får fullmakt til å underteikne avtale mellom Statens Vegvesen, Vågå kommune og Oppland fylkeskommune om finansiering, planlegging, bygging og drift av attraksjonen Gjende.

I vedtaket heiter det at Gjende er den viktigaste innfallsporten til Jotunheimen Nasjonalpark og dette må synleggjerast ved informasjon om nasjonalparken i tråd med den nye besøksstrategien for nasjonalparkane.

Les meir om debatten i fylkestinget i avisa torsdag.

Fylkesvaraordførar Even Aleksander Hagen og fylkesvaraordførar Ivar Odnes. Foto: ARVE DANIELSEN