Brukarundersøkingar, gjennomført av KF Analyse (Kommuneforlaget), syner at innbyggjarane i Lom er landets mest tilfredse innanfor tenestene bibliotek, vatn og avlaup og heimetenestene i pleie og omsorg.

Vågå kommune kjem hakk i hel på ein andre plass med tilfredse brukarar innan heimetenester, medan Skjåk toppar på barnevern - ei teneste dei samarbeider med Lom om.

Det er Kommuneforlaget, som i eit større oppslag «Her bor Norges mest fornøyde innbyggere», som nå har offentleggjort resultata frå brukarundersøkinga.

– Det er fyrst og fremst viktig å rette ein takk til dei tilsette i kommunen, og dette fortel at jobben dei gjer og har gjort over fleire år, er god, seier administrasjonssjef Ola Helstad. Dei er heilt avgjerande i arbeidet med å gjeva innbyggjarane gode tenester.

Helstad seier vidare at det er viktig å få attendemeldingar på både godt og vondt for å gjera ting enda betre.