Folk som i vinter har brukt Jettfjellet for skiturar, har reagert på at bommen på vegen er nede og at ein må betale for å køyre vegen når denne nærast blir brøyta på dugnad.

Teknisk sjef Pål Inge Sanden seier at det er Vågå kommune som eig vegen og er ansvarlege for den. Med ein gong bommen er open og det byrjar å bli brøytt innover, må nokon andre ta over dette ansvaret dersom det skulle skje noko etter vegen.

Sanden fortel at Vågå kommune har gått inn avtale med Jetta Tur om ansvar og brøyting av vegen frå Sandbakken til Køyringi. Avtalen går på at dei som brøyter vegen får 80 prosent av bompengane, resterande 20 går til Vågå kommune for drift av bom og vakttelefon på denne. Det er opp til Jetta Tur å stenge vegen når tilhøva krev dette.