Glasitt AS har sidan etableringa av fabrikken brukt gass som energikjelde. Nå ynskjer dei å varme opp omnane med stuttreist straum frå Skjåk Energi. Satsinga kostar fleire millionar kroner, og det har knytt seg stor spenning til i kva grad Skjåk kommune blir med «på laget». Glasitt har søkt Skjåk kommune om 1 million kroner. Onsdag kom rådmannen sitt syn for dagen: Han rår kommunestyret til å løyve 600.000 kroner.

– Både av miljømessige og beredskapsmessige omsyn er denne omlegginga eit stort gode for Skjåksamfunnet. I tillegg er det grunn til å tru at dette kan vera ein viss samfunnsøkonomisk gevinst over tid gjennom å kunne nytte større del av konsesjonskrafta og reduksjon i nettleige for innbyggjarane i Skjåk. Vedtektene for næringsfondet i Skjåk set ei øvre grense for tilskot på 600.000 kroner. Prosjektet er viktig, og det er gode grunnar til å gjera unntak frå maksgrensene i vedtektene i denne saka. På den andre sida vil 1 million kroner gjera eit stort innhogg i næringsfondet, noko som gjer at andre prioriterte formål ikkje vil kunne få den støtta som trengst i løpet av året, skriv rådmannen i si saksutgreiing.

Han konkluderer med at han vil rå politikarane til å løyve 600.000 kroner.

Nå går saka til politisk behandling, fyrst i formannskapet den 16. februar, deretter til sluttbehandling i kommunestyret.