Filmmakaren Anton Ligaarden hadde mista tre av besteforeldra da han tykte han måtte bli betre kjent med den siste. Det vart han ved å lage film.

Lars Skjelkvåle er ein veteranbilentusiast, og vi får fylgje han gjennom kvardagen og i førebuingane fram til Flåklypa Grand Prix.

«I tre gravferder er alt eg har sagt at dei var snille og greie besteforeldre. Det held ikkje. Nå er det att éin. Eg må seia noko meir.

Dette er bestefar. Han er enkemann og 85. Han er sjefsmekanikar i veteranbussklubben. Viss han ikkje er med, går ikkje hjula rundt. Men helsa bremser aktivitetsnivået hans. Hindrar den han frå å vera med på Nord-Europas største veteranbilløp?»

Anton Ligaarden

Sjå filmen her.