I fleire artiklar har Sunnmørsposten (artiklane krev innlogging) sett fokus på Sandbu og stiftinga Kjell Holm. Dei mest realistiske alternativa er å skilje ut Sanbu som ei eiga stifting eller selja.

Dersom Sandbu, med alle eigedelar og rettar, blir skilt ut - er det foreslege ei «medgift» på om lag 20 millionar kroner, skriv Sunnmørsposten.

Stiftinga har frå 2007 og fram til i dag brukt nær 11 millionar kroner på Sandbu, men vurderer nå å overlate ansvaret for den unike garden til andre.

Styreleiar Marianne Roald i stiftinga Kjell Holm skriv i ein epost til Sunnmørsposten at hovudverksemda til stiftinga skal vera å støtte kulturelle og samfunnsgagnlege tiltak i Ålesund.

Direktør for Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten, meiner ei eiga stifting vil vera det beste for Sandbu.

– Men det vil ikkje vera mogleg å halde liv i Sandbu med 20 millionar kroner, meiner Lillebråten.

Han er sterkt imot eit sal.

– At Stiftinga Kjell Holm skulle selje Kjell Holms livsverk ville nesten vera som at eg reiste til Lillehammer sjukehus og bad dei operere ut hjartet mitt, med ambisjonar om å overleve. Det ville vera ein dramatisk stor endring for Sandbu, og eg kan ikkje tru at stiftinga kan sjå dette som noko alternativ. Til kven og til kva pris? Verdien på Sandbu er uvurderleg, seier Lillebråten til Sunnmørsposten.

Direktør Erik Lillebråten i Norsk Kulturarv tykkjer ikkje noko om at stiftinga Kjell Holm vurderer å selja Sandbu. Foto: Arkiv