Uteområdet på den komande 1-10 skulen i Skjåk er ikkje ferdig planlagt. Måndag kveld arrangerte Skjåk kommune ope møte for alle interesserte, der dei kunne vere med å påverke utearealet på den nye barne- og ungdomsskulen.

Etter planen tek bygginga av 1-10 skule til i sommar, og skal vere klar for innflytting seinast hausten 2018.

Aktivitetskoordinator Bo Lindblad som har vore gjennom ein tilsvarande prosess i Øyer kommune, var tilstades og kom med erfaringar og tips kring bygging av uteområde på 1-10 skule, før dei frammøtte gjekk laus på sjølve dugnaden.

Det summa godt rundt borda på Skjåk ungdomsskule måndag kveld, og det kom mange forslag. Desse blir teke med vidare i prosessen kring planlegginga av utearealet på den nye skulen.

Les meir i papiravisa torsdag.