– Vi ser ikkje kva som kan stoppe planane av ei flytting av barnehagen, seier Evy Kveen og Ragnhild Runningen i Tytingen gards- og naturbarnehage.

I følgje Kveen og Runningen har Vågå kommune stilt seg positive til flytteplanane. Kommunen må godkjenne både lokale og ny drift av barnehagen.

Ragnhild Jøndal Bjertnes på nedre Øy stiller til disposisjon 200 kvadratmeter i nørdre delen av hovudbygningen. Det er større areal enn det barnehagen har i den gamle rektorbustaden på Klones i dag.

– Teikninga er klare for at det kan leggjast til rette for barnehage, seier Ragnhild Runningen.

Evy Kveen og Ragnhild Runningen fortel at det er arbeidd lenge med flytteplanane. Tanken på å flytte kom allereie da Klones vart lagt ut for sal.

– Vi har hatt det fint på Klones, men trur vi vil få det finare på Øy, seier Evy Kveen.

Tytingen gards- og naturbarnehage vart starta i 2007 og har i dag 36 barnehageplassar. Barnehagen har åtte fast tilsette. I tillegg til Evy Kveen og Ragnhild Runningen, er barnehagen eigd av Monica Øyen og Gunnar Vestad.

Foreldra til ungane i barnehagen er informerte og har stilt seg positive til flytteplanane.

– Planen er å starte nytt barnehageår frå 1. august i nye lokale, seier Evy Kveen entusiastisk.

Barnehagen har halde hus i den gamle rektorbustaden på Klones sidan starten i 2007. Foto: ARVE DANIELSEN