Bedriftene Gjendebåten, Gjendesheim Turisthytte, Besseggen Fjellpark Maurvangen, Hindsæter Fjellhotell og Bessheim Fjellstue har starta eit samarbeid for å etablere Sjodalen til å bli «Reinens rike».

– Vi har ynskje om å profilere oss, og bygge opp ei merkevare rundt dette. Vi ynskjer eit fokus på mat og matopplevingar basert på ureiste råvarer, skriv Ragnhild Sjurgard på Bessheim i ein søknad til Vågå kommune.

Dei fem reiselivsbedriftene ser for seg å samarbeide med andre reiselivsbedrifter i Sjodalen, samt at eit samarbeid med Vågå Tamrein AS vil vera viktig i prosessen med å bygge merkevara «Reinens rike».

– Målet med samarbeidet vårt er å saman utvikle ei merkevare som er så sterk at det vil trekke fleire, og meir betalingsvillige gjestar til området vårt. Vi har eit mål om at Sjodalen skal bli kjent for satsing på det ureiste og reine, skriv Sjurgard.

Som eit ledd i arbeidet med å bygge merkevara «Reinens rike» ynskjer dei kvart år å arrangere Jotunheimen Reinsdyrfestival i haustferien i veke 40.

Ragnhild Sjurgard skriv på vegner av fellesskapet at dette ikkje blir ein typisk festival, men vil bli ei veke der dei ynskjer å fokusere på kvalitetane deira, og å vise dei fram til flest mogleg.

Denne veka vil dei arrangere kurs, guida turar, føredrag, aktivitetar for både born og vaksne, gourmetmat med reinsdyr som hovudråvare og mykje meir. Dei ser for seg å avslutte denne festivalveka med ein felles kveld på Gjende med etagilde av ureiste råvarer i lavvo, musikk og fest.

Lokale produsentar av både mat og handverk kan ha salsutstillingar ved Gjende denne dagen.

Jotunheimen Reinsdyrfestilval søker Vågå kommune om ein stønad på 70.000 kroner.