Etter eit lengre ordskifte i kommunestyret gjekk politikarane i Lom samrøystes inn for å løyve 500.000 kroner til tilskot til Visit Jotunheimen.

Vedtaket vart gjort etter at politikarane fyrst stemde over eit forslag frå Anne-Lise Marstein (AP) om å halvere tilskotet. Dette forslaget fekk fem røyster.