På sin vante morgontur oppdaga Reidar Bakke måndag ei underleg sporferd på oversida av husa i Lykkja i Sjårdalen.

Han starta å rekkja spora, og kort tid etter fann han grunnen. Ei gaupe hadde teke eit rådyr, rett ovafor husa.

Deretter hadde gaupa starta på ei strabasiøs ferd med å dra dyret etter seg, oppover bakkar og nedover bakkar.

Tysdag var Magnar og Øystein Bakke ute for rekkje sporet etter gaupa i håp om å finne rådyret.

Magnar Bakke fortel at dei rekte spora i mange hundre meter, men mista sporet i ulendt terreng og med lite snø.

– Det var eit vanskeleg lende. Gaupa hadde fore over ein bekkedal, seier Magnar Bakke. Han fortel at det før i tida var vanleg å sjå gaupespor, men dei siste åra har det vore mindre.

– Det er ingen som har opplevd at gaupa har felt dyr så nære husa, seier Bakke.