Da det vart kjent at Posten skulle gjeva ut to frimerke i samband med ungdoms-OL på Lillehammer, var det naturleg for OL-organisasjonen at ungdomar sto for det grafiske designet.

Oppgåva med å utforme frimerka gjekk til fire ungdomar som tidlegare har vore studentar ved Høgskolen på Gjøvik. Blant dei fire var lomsjenta Live Andrea Sulheim. Ho har teke bilda til dei to frimerka, og har vore med på sjølve utforminga av frimerka som viser ungdom i fysisk aktivitet i spektakulær norsk natur.

På det eine frimerkemotivet er også ei vågåjente sentral. Skijenta ein ser på frimerket med Kyrkja i Jotunheimen i bakgrunn, er nemleg Iselin Ditlevsen Løkken frå Vågå. Ho er venninne med Live Andrea Sulheim. Motivet til det andre frimerket er frå Stetind i Jotunheimen, og der er det syster Mari Sulheim som står på fjelltoppen med armane i vêret.

– Det var spennande og lærerike oppgåver, og vi er stolte over det vi fekk til, seier Live Andrea Sulheim om frimerkeprosjektet.

I likskap med lomsjenta, er også oppdragsgivaren nøgd med resultatet.

– Dei to friske frimerka symboliserer målet om at OL skal inspirere ungdom verda over til å delta i idrett, leve sunt og etterleve dei olympiske verdiane, seier frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten.

OL-frimerka vart tekne i bruk måndag denne veka, og er berekna for vanlege brev under 20 gram. Kvart av dei to frimerka har eit opplag på 2.130.000 eksemplar.

Skijenta på det eine frimerket, med bilde frå Jotunheimen, er Iselin Ditlevsen Løkken frå Vågå.