Frå 15. - 24. januar 2016 går Internationale Grüne Woche i Berlin av stabelen, ein av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv. Messa har over 415.000 besøkande og 1.650 utstillarar frå 70 land.

Landbruks- og matdepartementet står bak den norske deltakinga saman med Innovasjon Norge og Norges ambassade i Berlin. Vel 70 utstillarar skal representere Norge i Berlin.

Den norske deltakinga på Grüne Woche er eit ledd i å styrke omdømmet for norsk mat og reiseliv. Målet er å stimulere til samarbeid og nyskaping på tvers av geografiske grenser og næringsgrenser.

Brimi Sæter skal representere Hanen, ein landsdekkjande næringsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Norge.

Hans Brimi og Ola Tangvik Brimi skal delta i fyrste delen av messa.

Ola Tangvik Brimi fortel at dei har delteke på Grüne Woche ein gong tidlegare. Da med mat. Denne gongen er det turisme dei skal profilere.

– For oss som har ei satsing mot nordmenn, vil ikkje ei deltaking på messa gje store utslag for oss spesielt. Men for Norge og Hanen er det viktig å vere tilstades. Det er minst like viktig for oss å møte kollegaer som for å få tyskarar til fjells, seier Ola Tangvik Brimi.

Hans Brimi og Ola Tangvik Brimi deltek på Grüne Woche for andre gong. Foto: ARVE DANIELSEN