– Eg gler meg. Det blir spennande. Det skjer mykje i medieverda, men eg har tru på at Fjuken vil klare seg godt, seier den nye redaktøren.

Hans Erik Kjosbakken (51) har sidan 1. april 2015 vore redaksjonssjef i Fjuken. Han har fleire års røynsle frå arbeid i redaksjonen der han vart tilsett som journalist i 2007. Før dette arbeidde han som lærar og seinare rektor i Skjåk og i Lom til saman i 18 år.

– Med god kjennskap til Fjuken og til dekningsområdet er dette eit godt grunnlag for Hans Erik Kjosbakken til å utvikle Fjuken og nettstaden fjuken.no vidare. Fjuken har gjennom meir enn 25 år utvikla ein sterk posisjon både i lesar- og reklamemarknaden i Ottadalen, og den skal under Kjosbakken si leiing utviklast vidare, både med papirutgåva, men også inn i den digitale framtida, seier styreleiar Lidvar Flydal.

– Vi vil halde fram med å utvikle oss både på papir og på nett, og vera aktuelle på nyheitsstoff frå Ottadalen på heimesida vår. Fjuken har eit godt fundament, og arbeidet Asta og dei andre i avisa har lagt ned skal byggjast vidare på. Fjuken har motiverte folk som alle vil det beste for avisa. Det blir ingen revolusjon med med meg som redaktør, seier Hans Erik Kjosbakken.

Asta Brimi har vore med i Fjuken sidan starten av lokalavisa i 1989. Ho tok over som redaktør etter Hans Sæther den 1. august i 1995, og har såleis leia lokalavisa i vel 20 år.

– Det har vore fantastiske år. Hjarta mitt vil framleis vere i Fjuken. Det er ei tid for alt. Eg føle eg har bidrege til at det i dag er ei sterk og god lokalavis, seier Asta Brimi. Ho skal fortsetje som dagleg leiar og vil framleis ha det økonomiske ansvaret for avisa.

– Fjuken har fått ein person som kjenner avisa. Den er i gode hender, seier Asta Brimi. Ho håpar å vere til støtte og gje gode råd til den nye redaktøren.

Asta Brimi fortset som dagleg leiar. Foto: Arve Danielsen