Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten.

Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar laurdag.

Denne vekas jubilant er Johan Lien Svestad frå Lom. Han fylte sju år tysdag 24. november, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Gratulerer med dagen, Johan!